Tekstboks:

Kystkulturhelg på Bjørnsund 23.-25.juni 2017.

Kystkulturhelg 2016

Kort presentasjon av årets aktører:

            

 

Aktører

Bjarne Harøy er frå Ytre Harøy I Fræna og er ein kystens mann. Han trivst best ved havkanten. Han er artist, musikar og dirigent for Gule Blandakor. Han vil, tradisjonen tro, bidra under Kystkulturhelga.

Framsyning:: «Den siste viking»,

Bakgrunn: ”Den siste viking” er Johan Bojers mest kjente roman. Han skildrar eit hardt liv, der menn fiskar med livet som innsats og kvinnene er heime og ventar, med alt det inneberer av arbeid og otte. Heile tilværet står og fell med at havet gir. Men havet tar også, og ikkje alle kjem  heim att. Mange menn «blei» på havet, som dei sa. Bojer skriv om samhaldet i båtane, kampen mot overmakta, lengselen heim, det rike i fattigdommen og det fattige i rikdommen. Bojers presise og usentimentale skildringar gir eit gripande inntrykk av karakterane i både glede og sorg.

Stykket byggjer på teksten og musikken som Nora Evensen og Knut Anders Vestad laga til ein spektakulær uteteaterversjon i 2007. Der deltok eit stort ensemble, båtar og kor. No, ti år etter, strippar me det helie ned til ein skuespillar, cello og piano. Framsyninga er ein gjennomkomponert monolog kor me kjem tett innpå kjernen i Bojers tekst.

 

Manus og regi: Nora Evensen

Musikk: Knut Anders Vestad

Medvirkande: Tore B. Granås - skuespillar og songar,  Øyvind Engen - cello, Knut Anders Vestad - piano og trekkspill.

Foredraga: «Småkvalfangst i 1980-årene» og «Storkvalfangst på Steinshamna frå omkring 1920».

Foredragshaldar: Per Arnt Harnes

Bakgrunn: Per Arnt Harnes (f. 1956) kjem frå Molde. Han har arbeidd i skuleverket sidan 1981. Mellom 1981 og 1986 var han lærar i Sandøy kommune. Samstundes var han deltidsstudent ved universitetet i Trondheim og skreiv hovudoppgåve i historie om kvalfangsnæringa i Sandøy kommune.

Harnes shar krive fleire lokalhistoriske artiklar og bøker, blant anna boka; «100-år i storm og stille: Bud og Hustad forsikring 1910-2010».

Foredraga: «Kvallivet vidare».

Foredragshaldar: Ole Mindor Myklebust

Bakgrunn: Ole Mindor kjem frå Myklebost, og han er dagleg leiar i Myklebust kvalprodukter, og fiskebåtrederiet Kato som er eit familieselskap som har meir enn hundre års erfaring i fiske og fangst. Ole Mindor var konfirmert på søndag og på sjøen som kokk på torsdag, og har sidan den tid vore engasjert i fiske og fangst. 

Foredrag: «Nyhamna før Ormen Lange; Nyhamna Kvalstasjon». 

Foredragshaldar: Jarle Sanden

Bakgrunn: Jarle Sanden er museumsdirektør ved Romsdalsmuseet. Romsdalsmuseets avdeling på Hjertøya – Fiskerimuseet, har ei stor samling med båtar og fiskereiskap frå vår lokale kystkultur. Jarle vil holde foredrag om kvalstasjonen på Nyhamna.

Foredrag: "Båtar på Romsdalskysten»..

Foredragshaldar: Jon Bojer Godal

Bakgrunn: Jon Bojer Godal blir rekna som vår fremste ekspert på midtnorske båttypar og ein formidlar av tradisjonsboren kunnskap. Han har særleg arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar. Han har arbeidd som rektor og sjøbrukslærar ved Fosen Folkehøgskule på Rissa. Han har publisert stoff om gammal materialbruk. Største arbeidet er 4 bind om Åfjordbåten og Nordlandsbåten som han skreiv saman med Gunnar Eldjarn. Jon Bojer Godal er barnebarnet til den kjende forfattaren Johan Bojer. Denne helga kjem han til Bjørnsund kor han vil snakke om den siste boka hans båtar på Romsdalskysten.

Atlanterhavskoret..

Atlanterhavskoret så dagens lys i februar 2007, da medlemmer i Eide songlag og Hustad blandakor bestemte seg for å slå seg sammen. Vi er et blandakor som pr. i dag teller ca 25 medlemmer. Vi øver torsdager på Vevang skole. Et naturlig sted fordi det er plassert midt i regionen.

Atlanterhavskoret liker å presentere seg som «Gladsangkoret». Vi trives godt i hverandres selskap. Har du lyst til å bli med er du hjertelig velkommen. Vi feirer tiårs jubileum i år. Dette markerer vi blant annet med konsert på Bjørnsund på Kystkulturdagene.

Morgan «Elvis» Vøien kjem opphaveleg frå Nannestad: Han er no busett i Bud. Morgan har alltid vore Elvis-fan, frå han fekk ein kassett med Elvis av far sin.  Han er no busett i Bud. Høgdepunktet i karriera so langt er ein tredjeplass i Europas største “Elviskonkurranse”. Han har og fått sunge med fleire medlemmer av orginalbandet, TCB Band, til Elvis.

Morgan «Elvis» Vøien opptrer også med bandet Elvis Morgan Band, et eget band med både blåserrekke og kor. Det er i desse dagar 40 år sidan Elvis døydde, og i den samanheng inntar Elvis Morgan Band Chat Noir med eit 15 manns stort band beståande av full blåserekke og kor samt Morgan Vøien som vokalist. Det skjer 12  august på Chat Noiar  i Oslo. Men den 24. juni opptrer Morgan altså på Bjørnsund  under Kystkulturhelga saman med to andre frå ytre som vil gjere kvelden fullkommen.

Sunniva Liepelt Uran og Primrose Sandøy vil delta under Kystkulturdagene på Bjørnsund. Først vil me få gleden av å høyre dei under åpninga fredag på Søre, og deretter på bedehuset på Nøre på Søndag.  Begge jentene er frå Fræna og går på Fræna ungdomsskole i 9. klasse. Dei er og elevar på Kulturskolen i kommunen.

.