Text Box:

Kystkulturhelg på Bjørnsund 21.-23.juni 2019.

Kystkulturhelg 2019

Her er en kort presentasjon av noen av årets aktører:

            

 

Aktører

Annelise Chapmann er marinbiolog med stor entusiasme for tang og tare. Etter mange år som forskar i Tyskland, Canada og Noreg, etablerte ho taredyrkings-selskapet TANGO Seaweed i 2016. Under Kystkulturhelga vil hun holde foredrag om tang og tare i matproduksjon. (foto: Siv-Elin Nærø).

Kjell Arthur Rødal har deltatt i mange samanhengar på Bjørnsund. Kjell Arthur er fødd på Bjørnsund, og er utdanna lærar. Han kjenner humoren frå øyane, og skal bidra med humor,  i lag med Dei same på laurdagskveld.

Svein Erik Nautnes er ein artikar frå ytre. Han kjem opphaveleg frå Gossen, men bur i Bud. Han er pensjonist og syng i Bud mannskor. På fredag kveld vil han opptre på pub-kvelden på Nordre saman med Bjarne Harøy.

Bjarne Harøy er frå Ytre Harøy I Fræna og er ein kystens mann. Han trivst best ved havkanten. Han er artist, musikar, dirigent for Gule Blandakor og A-laget i fotball. Han vil, tradisjonen tro, bidra under Kystkulturhelga.

Marie Bjørsnøs og Ingeborg Malmedal: Me er to jenter frå Fræna. Til hausten skal me byrje i 9.klasse ved Fræna ungdomsskule. Me har vore på Bjørnsund leirskole og då hadde med opplegg ved Galderskjæra om Rokta. Me syns soga rundt dette dramaet er fascinerande, og har lært oss diktet «Sjøfolkene ved Hustadvika». Diktet vil me framføre under gudstenesta i bedehuset på Nøre Bjørnsund på søndag.

Sogneprest Finn Ove Kaldhol er prest under Gudstenesta på søndag. Finn Ove er frå Ulsteinvik. Kaldhol har vore prest i Fræna i mange år. Finn Ove har vore misjonær i Kamerun for Det norske Misjonsselskap (NMS) i 18 år. Han bur i prestegarden på Myrbostad.

Jarle Sanden er tidlegare museumsdirektør ved Romsdalsmuseet.  Jarle har vore ein stabil bidragsytar ved tidlegare Kystkulturhelger. Han har hatt engasjerande foredrag med forskjellige tema fra kysten. I år vil han foreta den formelle åpninga av kunstutstillingen i kafeen på brygga.

Johanne Romfo, Asgeir Berg, Johannes Gjendem, Bjarne Harøy og Nina Gjendem står for musikalsk framføring laurdag på Søndre og søndag i bedehuset på Nordre. I tillegg skal dei underhalde på laurdags kveld saman med Kjell Arthur Rødal.

Oddbjørn Pedersen har vakse opp på Søre Bjørnsund og har stor interesse for øya si historie. Han har særs mykje kunnskap om øyene og dei som budde der, og han har formidla denne historia, både i lokal litteratur og ikkje minst i munnleg form i mange år. Oddbjørn er blant anna initiativtakar og primus motor for museet på Søre. I år vil me høyre Oddbjørn greie ut om Titranulykke i 1899.

David Berg Tuddenham er 51 år gammal, moldenser og utdanna marinarkeolog. Han har jobba ved NTNU Vitenskapsmuseet med kulturminnevern under vatn siden 1996, og er i dag museumsdirektør ved Romsdalsmuseet. Under Kystkulturhelga vil han blant annet snakke om ukjente forlis på Nord-Vestlandet.