Text Box:

Kystkulturhelg på Bjørnsund 21.-23.juni 2019.

Kystkulturhelg 2019

Her er en kort presentasjon av årets kunstnere:

            

 

Utstillinger & Fotokonkurranse

Atelier Sandstø Kjøll, etablert 12. november 1995. Dei held stort sett hus i Rakkestad og Førrisdal gamle skule. Dei har no etablert ei avdeling på Nøre Bjørnsund i huset etter bestemor Borghild. Dei vil ha ope heile kystkuturhelga og resten av sommaren fram til august.

 

Dei som er med er: Billedkunstnar Kari Sandstø. Ho er og konsulent og designar, og har vakse opp på Kolbotn i Akershus utanfor Oslo. Ho har gått male og teikneskule og dekorantørskule, og vore elev ved Atelier Gyllensten Stahl. Kari jobbar med uilke teknikkar innan malekunsten som består av ei rekkje herlege variantar, som olje, akvarell, pastellar og blyant. Innan brukskunst dreier det seg ofte om ståltråd, tre og søm med meir. Motiva speglar ofte relasjonar mellom oss menneske i ulike livsfasar. Natur, symbolikk og forteljingar både figurativt og abstrakt, ofte og ein miks av desse uttrykka og maleteknikkane.

 

Øystein Kjøll formidlar, artist, designar og bildekunstnar, vaks opp på Gossen i Aukra kommune i Romsdal. Han var ofte ute hos bestemor Borghild på Bjørnsund i barndommen. Med mottoet «heilt konge» er han ein formidlar av gode ord og oppmuntring. Han arbeider mest med billedkunst og interiør/innreiing. Øystein har og i ei årrekkje vore elev ved atelier Gyllenstein Stahl og lært klassisk malekunst. Drivkrafta ligg i å kunne oppmuntre, glede og fascinere menneske gjennom kunsten, musikken, dekoren og maten.

 

Åpningstider under Kystkulturhelga Atelier Sandstø Kjøll (Fredheim), Nordre Bjørnsund nr 84:

                                       Fredag åpen fra 10-19

                                       Lørdag    «     fra 12-19

                                       Søndag    «    fra 10-18

Kunstutstilling på Atelier Sandstø Kjøll.

Kunstutstilling på Bryggja med Anne Rødal

Anne Rødal er fødd juli 1951. Ho er busatt i Molde og har feriehus på Bjørnsund. Ho er medlem av NFUK; Norsk foreining av uavhengige kunstnarar. Juryert opptak. Juryen er medlemmar av NBK. Naturen er ei viktig inspirasjonskjelde i Annes arbeid, og i denne utstillinga er dei fleste motiva henta frå Bjørnsund og kystkulturen vår. Forutan private utstillingar på Bjørnsund, Molde, Drammen og diverse andre stadar, har ho vore med på juryerte utstillingar som Galleri Maerz ved Romsdalsutstillingen, Surnadal og Kristiansund Kunstforeining ved Nordmørsutstillingar «Lauvfall», fleire juryerte Landsutstillingar i regi av NFUK i Asker, Oslo Rådhus og Stavern. Anne har halde jevnleg malekurs, også på Bjørnsund.

Maleri - Kunst Utstilling

Fotoutstillingen «Langs leia» i bedehuset.

Med god hjelp og støtte fra Kystkulturhelga på Bjørnsund og Fotograf Birkeland i Molde arrangerer vi i Atlanterhavsveien Fotoklubb en uhøgtidleg fotokonkurranse som er open for alle som er innom på Bjørnsund i løpet av Kystkulturhelga.

Vis oss bilete av det som er "Ditt Bjørnsund".

Det er nokre få krav til bileta:

•           Du må ha tatt dei sjølv.

•           Dei må vere tatt under årets arrangement.

Om du tar bilete av enkeltpersonar, må du ha løyve frå desse til å publisere bildet, og eventuelt foresatte om det er barn under 15 år. Bildet trenger ikke vere "profft", det viktigaste er at du tar eit bilete som viser det som er "Ditt Bjørnsund".

 

Vi gleder oss i alle fall veldig til å sjå nye krikar og krokar fra øyene!

 

Det er også mogleg å delta om ein ikkje er på Facebook, eller ikkje får til å dele bilete her. Då er det berre å stikke innom oss på bedehuset med bilete, så legg vi dei inn i konkurransen. Du finn nokon frå fotoklubben på bedehuset frå 9.00 til 18.00 på laurdag og frå 9.00 og utover på søndag morgon.

 

Ein jury vil velje ut sine favorittar blant dei innsendte bileta, og Fotograf Birkeland i Molde stiller med flotte premiar til vinnarane. Det blir premiar & diplom til dei fem beste bileta og det biletet som har flest "likes" på facebooksiden søndag kl. 16.00. I tillegg delar vi ut nokre ekstrapremiar i fleire kategoriar som morsomste, mest fargerike og mest kreative bilete. Premieutdeling på Bedehuset søndag kl. 1545!  Dersom du har vunne og ikkje kan delta på premieutdelinga vil du sjølvsagt få premie likevel. Vi tek kontakt med alle dei som vinn! Ved å delta i konkurransen godtar du at innsendte bilete kan verte nytta til promotering av Bjørnsund og til omtale av konkurransen.

 

No er det berre å finne fram kameraet ditt og finne din favorittstad.

Fotokonkurranse.